<


USUNNFJORD?


Fylket Sogn og Fjordane er den administrative eininga som binder saman dei gamle fogderia Sogn, Nordfjord og Sunnfjord. Alle kjenner Sognefjorden, nokre kjenner Nordfjorden, men ingen kjenner Sunnfjorden - fordi den finst ikkje. I staden vert sunnfjord brukt som eit sekkebegrep på alle småfjordane som ligg mellom dei to store fjordane og inn til og med Jølstravatnet. Bygdebyen Førde den største staden i fylket.

Eit viktig kjenneteikn på fylket er at alle tettstadane kjempar mot at dei andre tettstadane skal verte ”hovudstad”, og på den måten stikke av med både forvalting og næringsliv. På sekstitalet vart det forsøkt å vedta at fylket trengde eit sentrum, og at denne staden skulle være den søvnige bygda Førde, sidan den ligg om lag midt i salaten. Den einaste byen, og den gong største staden Florø låg for avsides og vart forbigått. Ein gong på åttitalet slengde ein Bergens Tidende-journalist ut ein kommentar om at Førde måtte være Noregs styggaste by. Denne heiderstittelen vart sjølvsagt teke imot med nyfrelst begeistring av alle andre enn styresmaktene i Førde.

Dette fotoprosjektet er ei leiting etter dei ukjende visuelle kjenneteikna på sunnfjord generelt og Førde spesielt. Er det verkeleg så stygt som folk skal ha det til? Er Førde ein by i preg og ikkje berre i styreform? Er det orden i kaoset eller kaos i ordninga? Bruk pilene til høgre og venstre for å navigere, klikk på linken nederst til venstre for å kome til hovudsida. Velbekomme!

Ps. Prosjektet er pågåande, så sjå tilbake med jamne mellomrom.

>


FOTOJOURNALIST BENT ARE IVERSEN

START / INFO / KONTAKT / ENGLISH