<


TING I MELLOM


Prosjektet handlar om stadane og tinga i mellom de spanande og spektakulære. Småstadane ein går forbi, dei som ligg på vegen til eller frå postkortmotiva. Småtinga som korkje er svært gamle eller splitter nye. Samfunnshendingane som er så udramatiske at ein knapt ensar dei før dei er forbi. Prosjektet freistar å identifisere, dokumentere og privilegere desse.

Alle bileta er frå på og rundt øya Vågsøy, der eg vaks opp, ytst på vestkysten rett sør for Stad. På Vågsøy er det mange turistattraksjonar som vanlegvis vert fotograferte på same måte. Eg har eit ønskje om å trekkje fram nye attraksjonar: naturformene og samfunnsspora, teksturane og lyset. Det er eit eksperiment som freistar å mane fram den skuldersenkande kjensla av staden utan å trekkje fram dei isolerte og velkjende høgdepunkta. Heilskapen er viktigare enn enkeltbileta. Kvar for seg er dei ganske lågmælte men saman syng dei vonleg fleirstemt. Eg har sett saman to og to bilete som spelar på kvarandre, nokre visuelt og andre kontekstuelt. Det er opp til sjåaren å finne det som ligg i mellom.

Velbekomme!

Ps: Dersom du likte dette kan eg også anbefale det beslekta prosjektet "Er det noko å ta bilder av då?".

>


FOTOJOURNALIST BENT ARE IVERSEN

START / INFO / KONTAKT / ENGLISH