<


oldefar og oldemor
OLDEFAR SINE SKOESKER

Eugen Nordahl-Olsen senior var arkitekt og fotograf på aluminiumsverket i industribygda Høyanger. Bygda opplevde ein eksplosiv utvikling. Då han kom til bygda frå Kristiani som nyutdanna arkitekt i 1916 budde det berre 130 personar der, fordelt på tre-fire gardsbruk. Femten år seinare budde det nesten tre tusen personar der, ein tjue-dobling av inbyggjartalet. Dette førte sjølvsagt med seg hektisk byggeverksemd og livlig samfunnsliv. Alle var tilflyttarar, og nesten alle hadde jobb i samband med fabrikken så det vart eit spesielt sosialt miljø. Nordahl-Olsen dokumenterte det heile med liv og lyst, og då han døydde i 1956 besto arkivet av minst 10 000 storformatoriginalar. Ei gjennomgang av dette viste at han hadde ein solid fotofagleg bakgrunn, og sidan han var kjend som en skøyer og levemann er dette også synleg i bilda. Dette var ein tid der både Norge,Høyanger og fotografiet som medium opplevde ein gullalder.

Eugen Nordahl-Olsen var min oldefar, og noko av det kjekkaste eg visste då eg vaks opp var å rote igjennom skoeskene som min bestefar, også med navnet Eugen Nordahl-Olsen hadde liggande. I dei fanst det tusenvis av svartkvittbilder av glade folk, tung industri og andre rare ting. I og med at nesten alle bilda var tekne i og rundt Høyanger var dei svært fjerne i tid men svært nære i rom. Det er ikkje til å stikke under stol at dette arkivmaterialet representerer ein stor del av påverknaden som gjorde at eg sjølv vart fotograf med kjærleik for bybilder, industri og arkitektur, folk og fe. Kort sagt alt som vi tek som sjølvsagt i dag, men som truleg er vekke om få år.
Eg har sett saman eit lite knippe bilder frå oldefars arkiv, og har eit håp om ein dag å få dette og meir til gitt ut som bok.
Ein stor takk skal Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane ha, dei har teke vare på originalane og skaffa digitale innscanningar.

Velbekomme!


>


FOTOJOURNALIST BENT ARE IVERSEN

START / INFO / KONTAKT / ENGLISH