<


Er det noko å ta bilder av då?

Eg har alltid hatt sansen for dei nære og sære ting og vore oppteken av å dokumentere desse. Det vi har kontakt med kvar dag er oftast det vi tar for gitt eller ikkje tenkjer over meir enn at dei er der. Ein rar vegg, ein bil som var overalt på åttitalet men som no nestan aldri sjåast.

Det som vi omgir oss med er som oftast det vi minst merkar at forandrar seg. Nokre ting, som ei bølge eller ein måse som fyk over hustaka, eksisterer berre i nokre millisekund. Andre, som ein grov stein på fjellvidda eller ein finpussa stein på stranda, endrar seg så sakte at det trengs generasjonar for å sjå forskjell.

Eit fint ord på dette er å være tunblind. Ein er altså blind for alt som er på sitt eige tun. På ein måte fører eg ein liten visuell kamp mot tunblindheita, eller i alle fall mot at dei små kvardagslege, uspektakulære tinga skal verte gløymt når dei ein gong er vekke. Samstundes freistar eg å privilegere dei tinga som vanlegvis ikkje kjem på postkort. Turistane som tek bilde av ein solnedgang med nyinnkjøpt ipad er minst like spanande som solnedgangen sjølv, tykkjer eg.

Vågsøy er ein stad som er dramatisk i ytre men meditativ i indre. Med det meiner eg at skuldrane senkar seg med ein gong ein køyrer over Måløybrua. Det er noko spesielt med lyset på kysten - det kjem på ein måte både ovanfrå og frå alle sider samtidig. Det gir ei klarheit som er svært terapeutisk, i alle fall for meg som er oppvaksen der.

Dette er ei reise inn i den lågmælte delen av kystlandskapet. Der mennesket påverkar naturen og naturen påverkar menneska. Difor finn du ingen rosa solnedgangar, ingen grå stormbølger, ingen blå himlar. Velbekomme!

PS: Likte du dette prosjektet kan du også kike på "Ting i mellom". Du kjem til forsida ved å klikke på linken nederst til venstre


>


FOTOJOURNALIST BENT ARE IVERSEN

START / INFO / KONTAKT / ENGLISH